Møtte på frk-reykjavik.no i ei noko trøtt "dagen derpå" utgave, men likevel klar for litt "vårpuss". Stygge og rillete neglar skal bli til classy neglar med fransk manikyr. Er det mulig?
I butikken har dei det ein måtte trenge til vårpussen, bla. anna produkter fra decleor.com Kan spesielt anbefale solprodukta deira... |
Vart tatt godt imot av Victoria fra Litauen. Ho informerte godt om dei ulike alternative mine; kunstige neglar eller forsterkning av eigne, 945/745 kr. Eg valde det siste, sidan neglane mine ikkje er så verst lange. Kunne så velgje mellom farga neglar, fransk eller naturlig. Eg valde fransk manikyr...
Så var det berre å slappe av... å legge neglar tek tid. Oppsett tid er ca. 90 min, eg var vel der ca. 2 t. Var lukkeleg over å ha huska å ha kald Pepsi Max med. Det er god stemning og internasjonalt miljø på salongen... jentene hadde ein god tone seg imellom, noko som smitta over på oss kundar. Dei henta kaffi og mat, etc til kvarandre.... skulle ønske dei hadde fått med kor kaffisjuk eg var... sukk...
Etter to timar var neglane mine ferdig.. no er det opp til meg kor lenge dei skal vare; negle-gelèen må beskyttast med Calcrystal Top Coat, 149 kr., ein til to gonger i veka, fordi ellers kan neglane bli gule. Detter fordi gelèen er organisk, og ikkje av den harde typen. Slik gelè er mest skånsomt for neglen, fordi ein unngår å slipe i sjølve neggelen når dei skal av igjen. Gelèen er frå Calgel-Norge
I tillegg må eg ha olje på neglebånda kvar dag. Dette kjøpte eg ikkje, fordi er har ei god fra Phytomer fra før
Dersom eg tar solarium... ikkje at eg tek det altså ;-) må dei dekkast til
Så gjenstår det berre å sjå om resultatet heldt så lenge som eg håpar, uansett er det max seks veker før nytt besøk, dersom lommeboka seier ja. Om ikkje må eg i allefall begynne å ta betre vare på neglane mine. Flisete og rillete neglar er eit resultat av at neglane er for tørre, ikkje av alderen slik eg trudde. Gudsjelov, nok av kroppen som er i reparasjons-alderen ;-)
Dagleg bruk av negle-olje skal visst vere kuren. Dette funkar for den strukturerte, men for meg? Hm..