Enkel, lettvint, og ikkje minst sunn middag: IKKJE kjøp pesto på glass, den er grusom, og består ofte av mest persille og dårleg olje. Dersom du må kjøpe ferdig, kjøp "heimelaga" hjå hjellebakeri.no den er eit supert alternativ. Dei har også ein raud variant, laga på soltørka tomater
Du treng:
roastbeef
avokado
blanda salat
asparges
parmesan
pesto
oliven
Koking av asparges:
Skrell nederste delen av aspargesen. (Dersom du har kvit asparges må du kansje skrelle heile)
Knekk, ikkje skjær av den aller nederste, harde delen
Kok opp vatn i ein vid kjele, tilsett rikeleg med salt, ev. litt sitron (bevarer fargen på aspargesen)
Kok aspargesen i 5-8 min. Den skal vere kokt, men ikkje for mykje, 8 min. er for dei tjukkaste stilkane
Dersom aspargesen ikkje skal etast med ein gong, må dei avkjølast straks i is-vatn
Pesto:
Til heimelaga pesto treng du:
1 potte basilikum
1 kvitløksfedd
1 liten neve pinjekjerner
1 lite stykke parmesan, 40-50 gr.
god olivenolje
pepper
maldon-salt
sitron
Rist pinjekjernene forsiktig i ei steikepanne
Ha basilikum, pinjekjerner, kvitløk, og parmesan i ei "matmølle"
Kjør på lav hastighet mens du tilset oliven-olje til passe konsistens.
Smak til med pepper, salt og rikeleg med friskpressa sitron
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar